tirsdag 8. desember 2009

Gløgg og pepperkake

I kveld inviterte vi til gløgg og pepperkake fest med venner og barn. Kjempekoseleg i førjulstida. Ungane leika seg og vi voksne fekk prata litt.
Skåla med pepperkake er kjøpt idag, frå Kremmerhuset. Det er også engelen ved sida av. Elskar englar, dei er so skjønne.
Sviblane mine er begynt å blomstre, ein må-ha juleblomst. Meg og min kjære har brukt kvelden på å pakke inn julegåver. Han reise heim til sitt kjære nord norge på torsdag og skal prøve få med seg so mykje som muleg av julegåvene...resten må vi nok sende.
Her er gåvene eg har pakka inn til søstra mi og hennar familie. Vert mykje grå papir, band i sølv og rødt og små jule filt figurar på julegåvene i år. Må også vise fram juletreet til prinsessa. Ho har det på rommet sitt. Har valgt det ut sjølv og pynta det sjølv, og er veldig stolt :) ....kanskje ein pakke til med kuler hadde gjordt seg.... Første året eg har juletre før lille julafta, og plast og ikkje minst kvitt i tillegg. Men på henna rom var det bere koseleg, og ikkje dryssa det heller so då går det :) Men eit plast juletre kjem nok ikkje opp i mi stove nokonsinne....

Snart på tide og legge seg, må bere lese litt bloggar først :)

God natt til alle :o)

søndag 6. desember 2009

Dørkrans

Min dørkrans er kjøpt på Plantasjen i fjor. ...lite visste eg då at eg kom til å få ei raud ytterdør i år, hadde kanskje vore finare med ein grønn krans. Kanskje eg skal feste litt granbar på denne?!
Lika at kransar er litt store, vertfall dei som skal vere på ei ytterdør.
Eg ser no at velkommen skiltet skulle eg ha festa meir midt på kransen....Ein desember tradisjon er handball vm. Kosa meg med frukost og Norge-Tunisia no. Heia Norge :)
I kveld skal eg tenne den 2 lyset..likar vente til det mørknar litt ute, er finare med levande lys då syns eg.
Håpe alle har ei fin adventshelg :)

fredag 4. desember 2009

Adventskalendar...endeleg på plass.

Først idag har eg hengt pakkane opp på adventskalendaren til prinsessa. Ho er hos pappaen denne veka so har ikkje stressa med det. Men vart ekstra julete her når den kom opp, er jo tross alt ein tradisjon :) Kalendaren har ho fått av Besta si.
Og som dåke ser er eg ikkje god på små pakkar, so her er det ganske mange store ting :) Måtte benke kalendaren opp til slutt for den hang på halv åtte :)
Og ikkje hugsar eg ka som er inni alle pakkane so vert like spennande for meg når ho kjem neste veke og skal opne ein for dagen :)
Idag har vi vore på ultralyd og sett den fine lille babyen vår-verdens finaste baby sjølsagt :) Stor stas for oss begge. Og godt få ein bekreftelse på at ting ser bra ut. Og at terminen vart framskynda med nesten ei veke var også heilt i orden :) :)
Her er eit ultralyd bilde av alien babyen vår :) Ein aktiv liten krabat :) 4 desember, og energien kjem snikande. Orkar meir, og begynner på 100 ting samtidig, men må kvile ganske ofte. Men sånn er det, har det ikkje travelt. (prøve eg innbille meg sjøl vertfall....)

Ynskjer alle ein fin desember dag :)

torsdag 3. desember 2009

Adventsgåve

I går fekk eg min første adventsgåve av min kjære <3
Denne CDen her...og den er bere kjempefin!!!
Anbefala den til alle juleglade der ute :) 3 desember...har alle det bra??

søndag 29. november 2009

1 søndag i advent

Huset er pynta til advent....(men ikkje heilt ryddigt enno...eg har gjordt det eg har orka, resten tar vi litt etter litt)...
Elskar denne tida, men lys og anna adventspynt...og det å glede seg til jul. Håper at 1 søndag i advent har vore ein bra dag for alle :)Vi har vore å sett på tenning av julegrana, gått i fakkeltog og vore på julemesse. Stor stas for ei lita jente :)
Ynskjer alle ei fin og roleg adventstid :)

onsdag 25. november 2009

Lyslenke og julemusikk-hjelp

Eg hadde ei lyslenke liggande som eg tok og bandt rundt ein høg lysestake. Fekk nesten juletre følelse :)
Syns det vart koseleg. Eg sa til prinsessa mi i går kveld at i år har vi denne som juletre, og legg pakkane rundt her på julafta. Dette var ho ikkje heilt eineg i, og kom med masse spørsmål om julekuler, ordentleg tre osv. Hehe stakkars lita :) Det blir heilt klart eit ordentleg juletre i huset i jula :)
Lyslenker er forresten heilt perfekt å pynte med, heile året egentleg. Men no når det nærmar seg jul syns eg det er ekstra fint. Eg har lagt ei lenke inn i eit skap også, og det vart kjempefint. Den har gummihjerter rundt pæra. Har også sett med stjerner.

Lyslenker kan ein kjøpe mange plassar, eg har kjøpt mine på Plantasjen og Skeidar. Men har sett at nokre har kjøpt hos Europris også. På julebordet i år tenkte eg å pynte med ei lyslenke, legge den midt på bordet.I jula høyrer det med julemusikk. Og det er so mange fine julesangar, som set vertfall meg i skikkele julestemning. MEN! eg klarer ikkje finne den "perfekte" jule cd for barn. Nokon som kan gi meg eit forslag?? Eller er det nokon som har brent ein cd som også vil brenne ein til meg?? Eller som har masse fin barne julemusikk på pcn som vil brenne ein og sende?? Eg betalar sjølsagt, og ei lita overasking vert sendt til den snille julemusikk-julenissen :) (Og ja, eg kunne lasta ned sjøl, men min kjære er litt bekymra for diverse program på pcn so han vil ikkje ha noko nedlastningsprogram på sin pc, og min pc er ikkje istand til å brukast for tida :( )

No ventar eg på min kjære og prinsessa mi, drikk kakao, bloggar og kosar meg med små spark i magen <3

....og ser og tenker på alt eg skulle gjordt, men ikkje har energi til :( Har heldigvis ein snill sambuar og ei hjelpsom lita datter som er opptatt av at vi må rydde til advent so det blir vel ei råd med det i år og :)

Håpe alle har ein fin dag :)

søndag 22. november 2009

Utfordring

....frå Anette. Finn bildemappe nr 4 eller 7 og velg bilde nr 4 eller 7. Fortell også litt om dette bilde. Send utfordringa vidare til 5 andre bloggara.

Dette gjere eg mens eg høyrer på den fine julemusikken Anette har lagt ut i bloggen sin, og får ordentleg julestemning :) Tre nøtter til askepott gir meg gåsehud :)

I mi bildemappe 4, bilde 4 låg det vår bilder tatt av prinsessa mi. So vart verken jul eller interiør her nei.

Ho posera villeg i den deilege vårsola, og er like fin som alltid <3 Denne utfordringa sender eg vidare til: Malin, Anka, Shus, Vibeke og Camilla. :o)

Søndag og vintersport-eg elskar det :) og handballkamp seinare-kan det bli betre?

Ynskje alle ei super ny veke, siste veka før adventstida begynner :)

lørdag 21. november 2009

Nye gardiner, og juleblomst kvaler

Etter kvart som høsten har komt, og det har blitt mørkare ute har eg fått lyst på litt meir farge inne i huset. Kanskje litt omvendt; at eg heller burde få lyst til å ha det lysare inne dess mørkare det blir ute?? Men sånn er det no vertfall :)

I går var det nattope her og salg på KID. Og det vart nye gardiner på meg.

Desse hang oppe før. I begynnelsen av september hengte eg opp kvite gardiner, og desse kjem nok til å komme opp igjen til våren. I går kjøpte eg lilla gardiner, litt lin aktig stoff. Veldig fine, syns eg vertfall :) Syns det gjorde seg med litt farge. Vert nok ikkje ei heilt kvit interiør jul på meg. Lilla i adventsttida og rødt i jula er tradisjon for meg. Men ikkje i like sterk grad som før. Kvitt og sølv vert det meir av. Men ingen problem matche dei fargane med verken lilla eller rødt :) Vurdera faktisk å kjøpe kvit julestjerne og amaryllis i år...har alltid hatt begge raude før.
Her er gardina litt på nært hold. Ka er forresten din julefarge???
Håpe alle har ei koseleg helg. Hos oss er det stille og roleg. Eg gjer det eg orkar, som enno er veldig lite, og min kjære ser sitt favorittlag Arsenal på tv.
Bere ei veke til 1 søndag i advent folkens. Er dåke klar?? :)

tirsdag 17. november 2009

Juledill

Idag orka eg ta fram litt hobbyting!!
Har kjøpt eit eske sett på Panduro eg har tenkt å dekorere på forskjellige måtar. Aldri gjordt dette før so det kan jo bli spennande :)

Her har eg tatt lim på lokket og limt silkepapir på. Men er redd eg har brukt feil lim :( Nåken som har forslag til bra lim å bruke til dette? Eg har brukt Panduro sin allround lim, men den viser igjennom silkepapiret.
Rundt boksen skal eg ha litt breie blonder. Men skal eg ha silkepapir der og?? Var ikkje tenkt til det, men kanskje det blir finast..?? På lokket har eg blandt anna tenkt å ha litt julenissar. Syns desse under var so søte, litt gammeldagse.
Er og på leit etter ein fin juletekst å lime på lokket.
Kanskje det vert julepresangar utav desse eskene...ei (forhåpentlegvis) fin eske med masse julegodter og litt anna stæsj oppi :) Nam!
Vi får sjå ka eg får utav det... :)
Eg elskar mandariner!! Har sikkert ete meir mandariner hittil i november enn eg har gjordt heile jula gjennom før om åra :) Dei er bere so gode!! :o)
Håpe alle har det bra :) Her er sola i ferd med å gå ned, har vore ein flott haustdag :)

søndag 15. november 2009

Smil :) .....på kommando

I dag vart det tatt julebilder i heimen :) ikkje like lett smile på kommando alltid :) prinsessa prøvde so godt ho kunne :)
tok masse bilder, her er eit lite knippe av dei.


Julekort er vertfall bestilt :) og eg trur eg vart fornøgd :)

fredag 13. november 2009

O jul med din glede

Det florere med advent og juleinnlegg i bloggverda, og eg gledar meg meir og meir til jula i år. masse fine idear, bilder frå ifjor og inspirasjon og hente rundt om. håper bere energien min snart kjem igjen slik at forberedelsane kan bli satt ut i live.

eg har lite å vise fram enno, og julebilda frå i fjor ligg på min eigen pc som ikkje er brukande for augeblikket :(

men desse bilda fann eg...

meg og min kjære har site på golvet og opna pakkane våre, ete snop og drukke julebrus :) her sit eg og ser over det heile :) dette er i leilegheita vi budde i før, litt rotete her, men julepynta :) litt julepynt....og levande lys er koseleg juletreet 2008...blir aldri som eg vil..men koseleg vert det alltid likevel eg er vertfall godt igang med julegåvene, og adventspakkane til prinsessa er ferdig kjøpt men ikkje innpakka. held på å tenke meg ihel på adventspakkane til min kjære. vi har adventskalendar ilag, og gir pakke til kvarandre annakvar dag-kjempekoseleg <3>

i år skal prinsessa vere hos oss i jula, gleda meg kjempemasse til det. og neste år har vi ein baby på 7 mnd hos oss i jula, det vert rart, men gud kor vi gleda oss <3

no brukar eg tida på å tenke og planlegge, er jo viktig det og. les blader, bloggar og julekatalogar som kjem i postkassa. og når forma kjem tilbake skal det nok bli advent og jul i vår heim og :)

gledar meg :)

snart helg-håpe alle har det bra :)

fredag 30. oktober 2009

Laaaaaaaaaaaaaaaaaaaaang "ufrivilleg" bloggpause

Hei igjen :)

no er det leeeeeeeeeeeeeenge sia eg ha både vore innom min blogg og andre sine blogga. har rett og slikt ikkje orka. siste 2 mnd har eg vore sjukmld og lagt pladask på sofaen, og orka INGENTING! heldigvis begynt å komme meg..men held meg stort sett på sofaen fortsatt.

grunnen er at vi ska ha baby :) vi gledar oss stort til å bli foreldre og Anine gleda seg til å bli storesøster. (ho trur det blir ein gut eller ei jente :o) )

(lånt bilde frå internet)
gledar meg til forma blir sopass at eg orkar lese bloggar og holde på med interiørting å blogge om i mitt hus også. både ute og inneområde skrik etter litt omsorg.

håpe alle har dedt bra i bloggverden!!
eg kjem sterkare tilbake :)

God helg :)

Klem ;o)

mandag 7. september 2009

hæppi børtdey :)

7 september 1980 vart det fødd ei nydeleg lita jente....og den jenta var meg ;) hihi :)
dagen vart feira i går med overaskelseskakeselskap i regi av min kjære. tusen takk mon cherie <3
idag er min kjære å spela fotballkamp so eg sit her åleine. får besøk av ei venninne om litt :)

her er nokre av bursdagspresangane mine: <3
eit osteklokke frå pappa og mamma.... eit nydeleg skilt frå min kjære.... bilder som min kjære har mala uten at eg har ant nokon ting.... og lilla pute frå min lille prinsesse. fekk to av desse. lilla puter stod høgt på ønskelista for årets bursdag :) tusen takk mine kjære <3

gratulere til alle andre bursdagsbarn der ute!! måtte dagen og kvelden bli fin <3

torsdag 27. august 2009

Keep calm and carry on

likar so godt desse plakatane. og fann ei UK side som selger dei billeg...men då begynner alarm bjellene mine å ringe!!!! pling pling pling!! er det lureri??? er ikkje det samme plakaten som vert solgt hos lillemaison f.eks???

nåken som har erfaring med denne sida??http://www.keepcalmandcarryon.com/collections/poster

...to be continued-igjen...eller????

her er bildet i innlegget under etter at eg har brukt malekosten på det. vi var begge lei av alt det svarte og raude og ville ha eit nytt bilde, so eg tok like godt saken i eigne hender.
har brukt samme maling som på veggen, so det ser nesten ut som det går i eitt med veggen, men pga all strukturen viser det godt likevel. me like!!! :) her ser du korleis strukturen kom godt fram i den kvite maling, hadde ikkje trudd det skulle bli so tøft og fint! det som var planen min var å male det kvitt og so ha litt duse pastellfargar ilag med...men no er eg usikker på ka eg ska gjere, syns det vart fint slik det vart no....forslag anyone???
det som er bra er jo at eg kan jo bere male over igjen dersom eg ikkje vert fornøgd.
ser for meg ulike rosanyansa, kanskje litt grått og. men hovudfargen vert uansett kvit.
min kjære J sa til og med i går då eg kom heim frå jobb at han hadde tenkt litt på det bilde og at det va veldig fint slik eg hadde malt det no...og det er ikkje verst :) so kanskje eg ska ha det slik ei stund. har jo aldri mala på lerret før heller so kan ikkje garantere for resultatet....nåken kunstnar vert eg nok aldri :)
men har du ein ide tar eg imot den med takk :) nesten helg! skulle vore på ekstra seinvakt idag, men føler meg ikkje heilt i form :(
og i helga skulle eg jobbe litt ekstravakter hadde eg tenkt, men min kjære har nekta meg...han har ein plan seier han, men ka det er får eg ikkje vite...hmmm.....skummelt og spennande :)

god torsdag til alle :)

onsdag 26. august 2009

To be continued....

dette bildet ser ikkje lenger slik ut.... :o)

mandag 24. august 2009

Veggsmykke

i vår var eg på Linneas hage på Jessheim, der fann eg dette kjempefine metallkjedet og MÅTTE bere kjøpe det!
syns det er fint å samle takkekort å slikt på ein plass, og det vert lett å byte ut etterkvart. og so vert det jo hengt litt dill innimellom..hjerter å vintage bilder å sånt :) kanskje årets julegåve til nokon.. :) (eg er begynt å tenke på det eg, laga liste istad :))

tirsdag 18. august 2009

Gamle koffertar

"Kom å sjå ka mamma har kjøpt", sa mi lille datter til min kjære då han kom heim frå jobb. han tusla etter ned trappa til gangen. "Ikkje dei stygge der????!!!!!" utbraut han. "JO!!!!" ropte eg so hadde høyrt seansen frå stova.

var på bruktbutikken idag og fann to, ettet mi meining, fine gamle lyse koffertar.
(oversjå den grusomme stikkontakten og dei listelause veggane her...)
som vanleg er eg blitt påverka av bloggverda, og har sett at mange brukar slike til pynt, men og til oppbevaring. eg er tenkt å ha dei til begge deler, men har enno ikkje bestemt nøyaktig kor dei skal stå eller ka eg skal ha oppi dei.
det var ulike stoff inni dei.....
raudt i den eine........og lyst i den andre... lurer på ka som er historia til desse koffertane?? ken har eigd dei?? kor langt har dei reist?? masse gammal skjult historie. det fine er då at eg kan lage meg mi eiga historie om koffertane. kanskje dei har høyrt til ein rik familie som ofte var på reis. og dei bar ikkje koffertane sjøl må tru, det hadde dei tjenarar til. mannen i familien er høg, går i mørk dress, har vannkjemma hår og røyker pipe. dama er også høg, tynn og har på seg lang raud kjole med paraply i samme farge som kjolen. med seg har dei barna sine, ein gut og to jenter. guten i dress og jentene i knelange lyse kjolar. dei er so mykje på reis at ungane får heimeundervisning av den private lærarinna som alltid er med på turane.
osv osv osv.... :) drøymer meg heilt vekk her.
ska lage omelett til min kjære som kjem att frå fotballkamp snart. lille prinsessa ligg i senga og leikar litt før ho legg seg til å sove.
god kveld til alle :)

mandag 17. august 2009

Ljust og lantligt

bøker om interiør og innredning trur eg er dei beste bøkene som fins!
i mange bloggar i det siste har eg sett ljust og lantligt, og den har fått mykje skryt! og det er velfortjent. boka er kjempebra, masse fine bilder og tips. kan sitte og bla og bla. kjøpte den hos capris på nettet. billeg og rask leveringstid-perfekt!
ken seier at bøker ikkje er fine å dekorere med???

syns dette vart kjempekoseleg! etter at eg flytta i ei nymala kvit leilegheit fekk eg det for meg at eg ikkje skulle tenne stearinlys for å unngå sot på veggane...det holdt fram til akkurat NO! eg kan jo ikkje gå gjennom haustar og vintrar utan å tenne lys???!!! ....eg får heller bere male eit kvitt strøk på veggane kvart 2 år :) kanskje nåken har tips til stearinlys som ikkje avgir sot? veit at slike fins, men har egentle ikkje tenkt so mykje over det før no....

so no sit eg her med ein kopp te og bloggar..med stearinlys..og kosar meg :)

søndag 16. august 2009

Male male male male....

det eine maleprosjektet følger det andre for tida. mens det eit strøk tørkar malar eg neste strøket på det andre..og av og til tredje..prosjektet. men det går jo unna om ikkje anna.

her har eit bord fått pynta seg med kvitmaling.
før, som vanleg, brundt..... ...og no, som vanleg, kvitt. vart veldig fornøgd med det.
syns det er lettare dekorere når det er kvitt.
sit og kosar meg, i kulden, med ein kopp te. eit STOR skår i gleden er at eg klare å knuse ei green gate skei eg brukar å røre med i teen.. :(
er begynt å samle på desse skeiene, og vart sooo lei meg når eg klarte knuse den eine... :( :(
i går var eg og ei venninne på Alan Jackson konsert i Bergen :) og våt fonøyelse. men vi hadde kledd oss godt, i motsetnad til mange andre som var der. fraus gjorde vi ikkje, og musikken var bra. kom heim seint i natt etter ein kjekk konsert tur :)
regnet høljar ned...det er vel bere å innsjå at hausten er igang og finne fram pledd, lys og varme drikker. hausten er jo og ei fin årstid. men denne sommaren har vore altfor kort.... snart jul... og juletreet er allerde plassert..inne i håve mitt :)

torsdag 13. august 2009

Før og etter skap

Dette skapet har eg mala kvitt! og gjett om det vart mykje finare!!! oh yess!!! takk gud for kvitmaling!!! :)
kanskje ein ny knott er på sin plass!!!?????!!!! har plassert det i denne kroken her...(enno ikkje fått lister på plass nei....)....
og syns det vart mykje finare og koselegare!! dagens råd: er du lei av eit møbel??? MAL!!! eg garanterar at du vert fornøgd :)


no skal eg på vindusjakt...gamle vindu.... er eit gammalt hus i området som skal rivast for at det skal byggast leilegheiter der....og i det gamle huset er det mange fine vindu. har fått so sansen for det etter at eg har sett det rundt om i mange bloggar.
MEN....er det frekt av meg å ringe dei som skal bygge leilegheitskomplekset å spør om eg kan få dei gamle vindua???????

mandag 3. august 2009

Veranda pynting og deileg sommarkveld

sit på verandaen og ser utover byen. deileg sommarkveld.
har brukt kvelden på å dekorere litt her ute.
denne C`en kjøpte eg på Årstiden i Stockholm...angra på at eg ikkje kjøpte fleire..men det betyr vel bere at eg må tilbake til Stockholm det, eller??? :)
den heng ute på veggen på verandaen, ilag med eit fuglebur med pletter i luften og ei søt lykt.

denne lille grana tok eg med meg på vei heim frå Oslo...den var bere so pittelita og søt at eg bere måtte....
desse to blomstene fekk eg av ei venninne i innflyttingspresang. har hatt dei inne hittil, men tenkte at dei skulle få prøve seg ute...eg trur det er uteblomster og.
sink holdaren dei heng i kjøpte eg på Linneas hage på Jessheim på lørdag. angra og på at eg ikkje kjøpte fleire av desse...

fekk ei kjempefin rose av ei anna venninne idag. Queen Elizabeth..rosa, ikkje venninna also...HAHA :)
rosa er jo min favoritt farge som det passa jo superbra :)har planta den i eit av melkespanna mine. vart kjempefornøgd, syns den passa so bra der. håpe bere eg klare holde den i live. nokon som har gode rose tips??? beskjering, overvintring osv... eg har pynta på den eine verandaen i kveld. elskar slik dilling :)
satte ut oliventreet mitt, ser ut som det likar seg betre ute enn inne av ein eller annan grunn. hengte ein spegel bak rosa, syns det skapte ein fin stemning.
hunden og frosken har også fått plass her. komt eit lite stykke på veg, men kjem nok til å gjere mykje meir med uteområdet. storkosar meg med slikt arbeid. var egentleg tenkt å vente til neste vår med å plante å pynte, men no når eg er begynt veit eg ikkje om eg klarar å la vere fortsette...plantasjen next :) no kosar eg meg ute på verandaen. har siste vakre hjem&interiør liggande på bordet, og skal hente meg ein kopp te.
nyt sommarkvelden alle sammen!!

fredag 24. juli 2009

Før og etter stove

her kjem endeleg litt før og etter bilder av nye leilegheita vår.
er bere den eine delen av stova eg viser no, det andre kjem når det kjem :)
før bilda kjem på rad og rekke først....og det samme gjer etter bilda.

her er ein krok av stova med dør inn til eit rom vi skal ha som hobbyrom/kontor/bibliotek. dette rommet er vi enno ikkje begynt på.
ganske fornøgd med at det er tregulv her. men kunne veldig gjerne tenkt meg å få det meir gråkvitt. nåken såm har erfaring med det? ser for meg at det er ein kjempejobb....

her er sjølve stova. fin utsikt eller?? ;)
dette er min kjære J i leilegheita første gang etter at vi overtok.
lampa i taket hang igjen etter ho vi kjøpte den av...den heng der ikkje no lenger :)
som de ser: masse å ta tak i!! og apropos tak....HESLIGT!!!! vi har mala tak og veggar i kvit. på veggane har vi brukt butinox silkematt 07, 3 strøk. i taket grunna vi 1 strøk med veggmalinga før vi brukte vannbasert kvitmaling frå lady, 40 glans. denne hadde vi på 3 strøk av før sjefen i huset (les meg) vart fornøgd. takla ikkje tanken på å sjå kvistane gjennom, og til malarens (les min kjære) store fortvilelse vart det strøk etter strøk etter strøk før eg vart fornøgd :) men no er eg fornøgd, og det er han og :)
som dåke ser har vi enno ikkje fått opp lister rundt dører, vindu, i tak og med gulvet. vi, etter ein sjefsbestemmelse av meg nok ein gang :), tok ned alle listene for å henge opp att profilerte kvite lister.
har heller ikkje fått nye dørar, men det kjem.
her er den samme kroken som er ved døra inn til hobbyrommet/kontoret/biblioteket.
veranda døra er og mala kvit matt.
tv-kroken. sjå vekk frå tv-benken, den skal UT..må bere få tak i ein ny først.
bak denne veggene er kjøkkenet, lite men heilt ok.
og skapet som eg har mala..superfornøgd med det :)
vi er veldig fornøgde med utsikta vår. å sitte i sofaen å sjå på fjellet og naturen ellers er vakkert.
og den gamle sofaen min som eg ville byte til ein lysare passa betre inn no enn den gjorde der vi budde før so trur eg beheld den ei stund til.
men bordet....det skal malast!når vi får opp lister rundt vindua her trur eg det blir bra. sidan vi ikkje har innsyn denne vegen og vindua er store og fine og slepp inn mykje lys kjem eg sannsynlegvis til å velge vekk gardiner her. nokon som har andre idear??her er also vår nye heim. vi stortrivst her. kjemperoleg stille nabolag i utkanten av byen. lys og triveleg leilegheit...der det fortsatt gjenstår ein del jobb. og at mi lille prinsesse allerede har fått seg fleire venninner, som ho sier, er bere fantastisk kjekt :)
eg kosar meg blandt det kvite, dei ulike rosa nyansane, lilla....og brukar store delar av døgnet til å tenke interiør. ka kan eg gjere anleis? korleis skal det vere der vi ikkje er begynt å pusse opp? fargar, stoff, maling, gardiner, persienner, lys, hyller, skruar, spiker, blomster, møblar, ikea, interiørbuikkar, uteområda....tenker som det knakar, men storkosar meg med det :)
på søndag reiser vi på ferie. skal vere nokre dagar i stockholm og deretter til mummidalen/åbo i 2 dagar. gledar meg til shopping i stockholm. har skrive ned navnet på nokre interiørbutikkar eg bere MÅ innom...kom gjerne med fleire om du veit om nåken :)
skal bli godt å slappe av litt med min kjære og mi lille jente..hotell, god mat og det som høyrer ein ferie til :) ...og håpar ferieværet kjem..har ikkje vore so veldig heldig med første ferieveka mi, men masse å gjere inne og so lid ingen nød :)
god sommar til alle :)

onsdag 22. juli 2009

Før og etter skap...

no er det leeeeeeeenge sia mitt siste innlegg her. grunnen er at vi har mala og mala og flytta og flytta og vaska og vaska. enno er vi ikkje ferdige, men vi har flytta inn i nye leilegheita og er komt nokolunde på plass. her er leveleg vertall :)

i mangel på sommarvær passar det fint å vere inne å pusle med forskjelligt. dei to siste dagane har eg mala eit skap eg har hatt i sikkert 10 år.

...her er skapet FØR: ...og her er ETTER: har ikkje fått sett på plass alt i skapet enno so det ser litt nakent ut. og nye knottar ønsker eg meg...men veit ikkje heilt ka slags. idear anyone???? på før bilde ser dåke ka slags knottar som var der før.

har mange før bilder av leilegheita klare for blogging men har ikkje fått tatt etter bilder enno so dette får eg ta att seinare!!

håpe alle har det bra der ute i sommar norge!!!!

onsdag 8. juli 2009

Mini bloggpause

heisann!!!
blir lite blogging på meg for tida. dagane og kveldane går med til jobbing, pakking, maling, golvlegging, køyring hit og dit etter ting som manglar, trengst og esker som skal flyttast og alt anna som flytting og oppussing inneberer.
vi håpar å vere klare med å flytte på søndag. og bruke mandag-onsdag på å vaske ut her vi bur no. er ikkje mange dagane att, rart å tenke på...sove på nytt rom for første gang, vår første leilegheit ilag, nytt rom til prinsessa, nye naboar..men gledar oss :)
eit bilde av utsikta frå verandaen på framsida av huset. her kjem vi nok til å tilbringe mange sommarkveldar i kveldssola.

kjem nok sterkare tilbake med blogging når vi er komt vel i hus og internet er installert.
begynner på ferie om 1,5 veke og det skal bli superdeileg :) kjenner at det trengst. komme oss vekk litt og få bruke tida i nye leilegheita, sette ting på plass og slike ting som eg elskar å holde på med :)

till next time....nyt sommaren!! :)

søndag 28. juni 2009

Bokstavar og ny leilegheit :o)

her er bokstavane eg kjøpte av Ida. var superfornøgd med dei. gledar meg til å bruke dei som pynt i nye leilegheita.

desse her lagar navnet til prinsessa mi, dei skal ho få ha på rommet sitt.

desse bokstavane talar vel for seg :) dei skal stå på ei hylle over senga på rommet til meg og min kjære. her er forbokstaven til navnet til min kjære, den vil han ha på kontoret sitt. idag er ein merkedag i vårt liv. vi fekk nøklane til leilegheita vår. den første leilegheita vi kjøper ilag. gledar oss stort til å komme i hus. frå no av kjem vi nok til å tilbringe dagar og kveldar med maling der, samtidig som vi skal pakke ned frå her vi bur no. er i gang, men fortsatt mykje igjen...merkeleg kor mykje ting ein egentleg har :) har mala første strøket i leilegheita og. rommet til prinsessa er begynt å bli kvitt.


ein del ting ser vi at burde blitt gjordt, som å skifte gulv f.eks, men dette må nok vente. skal vere ute 17 juli so treng tida til maling og flytting.


her er meg som låser meg inn for første gang :) kjedleg å bruke det fantastiske sommarværet på å stå inne å male, men det må gjerast og det vert jo so bra når vi er ferdige :o)


eg har også fått ein award :) denne fekk eg av M, som alltid er så koseleg å sender slike kjekke kommentarar. tusen takk :) sender den vidare til dei som ikkje har fått den :) det er ein Great attitude and gratitude award!


håper alle har det strålande, og at sommarværet er like bra hos deg som hos meg :)

klem :O)

mandag 22. juni 2009

Smådill

forrige helg var vi på Jessheim. var innom confetti og linneas hage. og litt forskjellig smådill vart med heimatt i posane :)
her kjem eit bilde ras med ting eg kjøpte.
denne lille flaska var kjempesøt. faktisk var det min kjære som fallt for den først. og då er var det bere å hive seg rundt :)
kjøpte ganske mange hjerter, faktisk so mange at ho i butikken sa: åja det er fleire som er glad i hjerter :) desse gamle nøklane var kjempetøffe!! såg dei på vei ut frå confetti men kjøpte dei ikkje med eingang. men klarte ikkje la vere å tenke på dei so tok turen inn att på slutten av handleturen. du kjem igjen ja, sa dama i butikken :) to kjempesøte green gate skeier frå linneas hage. ein del av stæsjet eg kjøpte var lagt oppi ei korg.min kjære sine initialar. dilla på bokstavar?? JEPP :) ventar faktisk på ein del bokstavar frå ei superflink svensk bloggjente :) det var min kjære som ville ha desse og :)
to hjerter til....
dette var ein del av det eg kjøpte på interiør runda mi :)
ikkje so mykje å blogge om for tida. vi går bere ventar på at søndagen skal komme. det er dagen for overtaking av leilegheita vår :) og då set vi i gang med maling av tak og veggar og pakking og nedvasking av leilegheita vi bur i no.
gledar oss stort til å bli ferdig å komme i hus. skal bli so deileg å få vårt eige, og pusle på nett som eg vil :)
so regnar det vert fleire blogginnlegg etter kvart. med diverse før og etter bilder :) har eg sagt at eg gledar meg??? :)
håpe alle har ein strålande kveld :)

fredag 19. juni 2009

Award og pakke i posten

eg har fått min andre award :) denne fekk eg av heidi , tusen takk :) :)

denne awarden ønsker deg a wonderful day. eg skal sende den vidare til 8 andre bloggar...og eg velger desse bloggane her:



GUNN CATHRINE

ANNA LISA

MOA

ANETTE

BEA-CICI

M

FRK-T

MAJA



dette er personar som har kjempefine og inspirerande bloggar i tilleg til å vere kjempekoselege jenter :)
håpar de får ein wonderful day :)



eg fekk og-ingen bombe kanskje-pakke i posten idag :)
vann ein konkurranse hos Christina som driv låvebutikken for litt sidan. og idag kom den fine pakken :)
eit nydeleg skilt, eit vakkert kors, kjempefint bilde og deileg duft frå green gate (eg trur det er duft vertfall?? luktar vertfall kjempegodt...) tusen takk, gåva fallt verkeleg i smak :o) helg igjen :) og eg har FRI :) imåra skal eg og ei venninne på opninga av kunstgrasbana til laget der våre kjære spelar, min kjære er spelande trenar. konkurransar og mat på dagen, kamp mellom deiras lag og eit anna på ettermiddagen og fest og grilling om kvelden. vert kjekt!!



håpe alle får ei strålande helg :) været er meldt bra her på vestlandet vertfall. kanskje sommaren kjem no :)


onsdag 17. juni 2009

Salg på KID

eg har endeleg fått tak i ei av korgene frå KID. hadde alliert meg med ei eg kjenner som jobbar der :) er kjekt med gode kontaktar :) ho la av ei slik til meg då det kom inn i forgårs, og bra var det for då eg kom ned etter jobb dagen etter var dei utsolgt.

syns den passa so fint til interiørblada mine....men er ikkje lenge før den vert for liten. men då kjøper eg bere ei ny, det er vel sånn det fungerar?? :) det er og salg på KID no. korga over var det 30% på og det er 50% på pynteputer og pledd. og puter er jo alltid kjekt og ha :) kjøpte med denne grønne puta her.... ...og desse to her. den fremste har samme mønster som den grønne bere at den er i ein lys rosa farge. den bakerste var ganske knæsj rosa. sommarsleg syns no eg.

det finnes og gardiner i samme mønster og stoff som dei knall rosa putene. men då er det ikkje einsfarga stoff bak, dei er hullete...ser hekla ut. kunne tenkt meg dei i kvitt, klarar ikkje bestemme meg, men dei var kjempefine. kjenner eg meg sjølv rett tenker eg so lenge at når eg endeleg har bestemt meg for å kjøpe dei er dei utsolgt.

utruleg korleis nye puter kan friske opp. og når dei er på salg i tillegg....hadde du klart å motstå det?? :)
ønska meg veldig ei slik dagseng som eg kan ha på terrassen. ser for meg at med mange sommarslege puter vert det ein suksess.

denne varianten frå Ikea er heilt grei, men kunne tenkt meg at den såg litt meir romantisk ut. nokon som veit kor eg kan kjøpe det hen??
idag er det nøyaktig 1 mnd til vi leverer frå oss nøkkelen til her vi bur no og er flytta inn i nye leilegheita. gledar meg :) men gruar meg litt til all male jobben, litt bekymra for at vi ikkje skal bli ferdig på 14 dagar. har mest lyst å bli ferdig med alt for å ta det igjen seinare er eit tiltak. men det går vel bra :) vi får ta det som ei utfordring og gjere det til ein leik :)
første eska med ting er pakka ikveld vertfall, so er igang. og her er mykje ting so vert nok ein del kassar.... sånn er det å vere interiør interesert :)

snart helg igjen. tida går jammen fort. eg ventar fortsatt på sommarværet. nokon som har sett det??

God kveld til alle :)


tirsdag 16. juni 2009

Min ubloggifiserte heim...

ser det går ei utfordring rundt om i blogglandia om å vise heimen sin ubloggifisert...noko motvilleg henger eg meg på denne bølga :)

bilda er frå mandag formiddag. vi kom heim frå helgetur til Jessheim/Oslo seint søndag kveld og då er det ikkje snakk om å rydde på plass.



desse bilda er frå ulike vinklar i stova.

nyt det....eller kanskje ikkje :)



hadde overnattingsbesøk av pappaen min i veka, han passa Anine mens vi var på Bruce Springsteen konsert...og her ligg fortsatt dyna og puta... :o/ til unnskyldning kom vi heim seiiiiiint om natta, var på jobb og morgonen og reiste østover rett etterpå.

litt shopping posar :) var på Linneas hage og Confetti på Jessheim, to superfine butikkar :)
uff....eg merkar at eg vert dizzzzy av slike rote bilder :o/ no ser eg hageprogram på tv. gledar meg til vi flyttar om ein mnd og eg får min eigen lille hageflekk :)

etterpå skal eg kose meg med ein kopp te og eit ny innkjøpt interiør blad :)
håpe alle har ein fin kveld :)

ser forresten at Nib har publisert tipset mitt idag :) artig :)

onsdag 10. juni 2009

Pakke i posten....igjen :) og give away!!

i dag er eg so trøytt som aldri før. var på ein fantastisk Bruce Springsteen konsert i Bergen i går og kom heim kl 0430 i natt, stod opp att kl 07 for å gå på tidlegvakt...forsov meg faktisk med ein halv time :o/
har gjespa og svidd i augene i heile dag, ikkje noko særleg gå rundt pasientar i ein slik zoombie tilstand.
eit lyspunkt var å komme heim til ein pakke som låg og venta på meg :)
var med på Frk.T sin giveaway, og idag kom pakken....
alt dette fine her fekk eg: serviett korg, ei supersøt skål med noko oppi, lexington serviettringar i skinn (megakule!!), ei deileg duftande såpe pakka inn i det rosa papiret med stjerne på bakerst i korga og eit skjønt kort.
ka er dette skal tru tenkte eg..... ....og NAM tenkte eg etterpå og smilte frå øyre til øyre :) I LOVE GODIS :) spesielt lekkert at det var ROSA <3
her er dei utruleg tøffe serviettringane!!! fekk seks stykker og alle hadde ulikt motiv. og såpa var bere gooood å lukte på :)
tusen takk Frk T....super gåve :o) gjorde dagen min 1000 gangar betre :o)
til og med bobleplasten slo an :) den tok min lille datter umiddelbart til seg for å sprekke boblene :)
LIKAR DU Å FÅ OG GI GÅVER??? LEGG ISÅFALL IGJEN EIN KOMMENTAR HER OG SKRIV OM DU VIL VERE MED PÅ EIN GIVE AWAY... regelen er at du får ein gåve av meg og lagar ditt eige give away innlegg der du skal sende pakke til dei 3 første som vil vere med innan 365 dagar :)
og det stoppar visst ikkje med pakkar i min postkasse.... eg har nemlig vunne jubileumsinnlegget hos Christina . snakk om vinnarlykke :) :) :)
i dag kom vakre hjem & interiør i posten. skal sette meg ned når prinsessa er lagd og huset er rydda og drikke te frå jumbo koppen min og lese om interiør interiør og interiør :)
skal også pakke til helgeturen..vi skal besøke søstra til min kjære med familie. gledar oss til det :o) vert godt å komme vekk litt, få litt nye impulsar og samle krefter. har også planar om å besøke interiør butikkar.. tar i mot forslag til slike butikkar i oslo som er verdt å besøke.
eg har lovd mi lille prinsesse jordbær og vaniljesaus...og no er ho lei av å vente :)
håpe alle har det bra :o) eg ventar på å komme utav zoombie verden..... :)
KLEM :O)

mandag 8. juni 2009

Utfordring...tatt på strak arm :)

eg har blitt utfordra av Anette. ei litt tidkrevande, men veldig morsom utfordring. :) ein fin måte å bli kjendt på ein litt anna måte :)



Hva er du opptatt av for tiden? leilegheita vi skal overta 1 juli og sommarferien som forhåpentlegvis går til mummidalen.


♥ Hva har du på deg i dag? mørkeblå jeans-tights, kvit tunika, oransj magebelte og svart hårband.


♥ Hva skal du spise til middag? har ete salat med kvitløksbrød-alltid ein lett middag når min kjære skal spele kamp.

♥ Hva vil du gjerne lære deg? å spele piano, og hekle bestemorsruter.

♥ Hva hører du på akkurat nå? tegnefilm på tvn og lyden av oppvaskmaskina.

♥ Hvordan er ditt favorittvær? favoritt er nok sol og sommar, men det heiter jo at det fins ikkje dårleg vær, bere dårlege klær.

♥ Hva er ditt mest utfordrende mål akkurat nå? å komme i gang med trening igjen!!!

♥ Hva syns du om den personen som tagget deg? ei kjempekoseleg jente som viser fram dei finaste bilder og dei har dei koselegaste blogginnlegg. og som kjem med mange kjekke kommentarar :)

♥ Hvis du kunne fått et hus, ferdig innredet, hvor som helst i verden - hvor skulle det ha vært? kan godt bu rundomkring her ein plass her, men meir landleg og med vennane mine rundt meg.

♥ Hva ville du gjerne hatt akkurat nå? kjæresten min i sofaen med meg...

♥ Hva vil du gjerne bli kvitt? MS`n min....

♥ Hvis du kunne dratt hvor som helst i verden den neste timen, hvor ville du dratt? zanzibar!

♥ Hvilket språk vil du lære? fransk-eit nydeleg romantisk språk.


♥ Hva ser du etter i en venn? ærligheit, til å stole på, ein som alltid er der uansett om det er i sorg eller glede, morsom og med på å ha det kjekt :)


♥ Hvem vil du gjerne møte? jan thomas :D


♥ Hva slags musikk liker du? det meste faktisk, alt etter humør og selskap.


♥ Hva er favorittplagget i klesskapet ditt? tunikaer og jeans!


Hva er drømmejobben? må vere noko innan interiør...men trivst veldig i jobben som sjukepleiar og!

♥ Har du noen favorittmodeller? hmm....kjem ikkje på nåken...

♥ Hvis du hadde hatt 1000 kroner nå, hva ville du brukt det på? ærleg???? shopping!!! :)

♥ Beskriv stilen din? interiør: lyst og romantisk. klær: følger litt moten uten å kjøpe dyre merkeklær...akkurat no likar eg godt tunikaer og tights. og dei kule neonfargane som er in i sommar er jo rå!!

♥ Hva var det siste motebladet du leste? KK

♥ Den siste cd-en du kjøpte? eh...CD??? anakje!!!

♥ Hva hørte du på da du ble tagget? tv- vi på langedrag, og mi lille jente som kommenterte alle dyra :) og at ho rima om navnet til onkelen sin: kjell pell potetskrell hoppa over tusen fjell landa på ein karamell :) og lyden av oppvaskmaskina.

♥ Hva vil du akkurat nå? sjå på fotballkampen mellom min kjære sitt lag og eit anna...men kan ikkje då den begynner so seint og eg ikkje har barnevakt.

eg vil utfordre desse tre til å ta utfordringa:

Moa

Anna Lisa

Gunn-Cathrine

....viss de vil då :)

God kveld alle sammen :o)


The Boss

hit skal eg imåra........for å høyre og sjå på Bruce Springsteen :) ....og her var eg i fjor då lille Laura var ei heldig lita jente..
http://rockman.vgb.no/2008/07/09/lille-laura-synger-duet-med-the-boss-rockman/

gledar meg stort :)

er det fleire som skal til Bergen og Koengen imåra der ute i bloggverden???

:o)

søndag 7. juni 2009

Mmmmm....det dufter skjønt

....av kremmerhuset sin romduft. anbefalast!!begynner det å lukte mindre so snu pinnane. varer i to til tre mnd i følge dama i butikken. har endeleg fått med jumbo te-koppar. har sett på desse so lenge, men som vanleg har skal eg bere tenke litt til. men for nokre veker sidan var det salg på desse hos strandlykke og då var det slutt på tenkinga. supergode å drikke av, teen smaka plutseleg mykje betre :) og rosa åffkårs :) dette gjer vondt i eit morshjerte.... http://www.vg.no/nyheter/utenriks/artikkel.php?artid=554653
for ein grusom opplevelse det må vere.

no er det middag her i huset. min kjære diskar opp med marinerte kotelettar.

vi bloggast :)

torsdag 4. juni 2009

Før og etter frosk

denne frosken har eg hatt i boda i åresvis. var tenkt å male den i froskefargar, men det har ikkje blitt.
so eg tok sprayen fram her ein dag og spraya den........ kvit!!!
og vart veldig fornøgd med resultatet. syns den vart ganske kul! og etter froskens smil og dømme ser den ikkje so rent lite fornøgd ut den heller :)
på graset til venstre ser du spora etter sprayinga :) albinofroskar fins det vel ikkje so mange av??? eg har vertfall ikkje sett det før. :)
er plass til te lys inni den so gledar meg til å sitte ute sommarkvelden med levande lys.
froskar bringer jo lykke, glede og rikdom til huset. so har, i god feng shui stil, vendt den mot inngangsdøra.

onsdag 3. juni 2009

Oliventre

eg er av den lett påverkelege typen :) og når eg ser ting andre har i bloggane sine får eg og lyst på det. sjølsagt er det jo ting eg likar eg kjøper, so kan vel heller sei at eg får gode tips og ikkje nødvendigvis at eg bere er lett påverkeleg, eg kjøper jo ikkje ting eg ikkje vil ha.
idag vart det eit oliventre med meg heim frå plantasjen.
aldri hatt eit oliventre før so er spent på om eg får det til. har skjønt utfrå andre bloggar at det ikkje alltid er like enkelt.
nokre tips???? hadde ei potte frå kid som eg satte det oppi. syns sjølv det vart veldig fint og at det passa inn i min heim :) kan sjå på treet som ei belønning for å vere ferdig med to nattevakter. :) var og til kontroll på nevrologisk poliklinikk idag. 3 mnd på overtid, men det er vel helsevesenet i eit nøtteskall..
alle testane var bra, men har fått ein liten nedtur sidan eg har kjendt på litt symptom som prikking og nummenheit i høgre foten og susing i hovudet som igjen har gitt meg litt dårleg balanse. eg håpar inderleg det går over denne gangen og..grusomt å ikkje vite..men lyt vere positiv!!

har enno ikkje sove etter nattevakta, og har bestemt meg for å holde meg våken i håp om å få sove godt i natt. kanskje ein middagskvil ilag med min kjære.

håpe alle har det bra, snart helg igjen :)

Klem

tirsdag 2. juni 2009

Pakke i posten...innlegg nr...eh..komt utav tellinga :)

desse kjemefine hjerta vann eg hos elses bod. dei kom i posten rett før helga og eg klarte ikkje vente lenge nok med å opne so eg fekk tatt bilde av den fine innpakkninga....nett som ein unge på julafta når eg får pakkar i posten :)
kjempesøte :) hjerter er mi favoritt form so dette passa meg perfekt :) tusen takk :o)

mandag 1. juni 2009

And the winner is.............

i går var konkurranse min over. heile 56 stykker melde seg på :o) seint i gå skreiv eg ned alle navna på ark og idag klipte eg dei opp. det vart ei stor bolle med mange navn, nokre navn både 2 og 3 gangar. min lille prinsesse fekk æra av å trekke.... ....og vinnaren vart...... .....STUBBETUFSA!!!!
gratulere so mykje til deg :o)
idag er enda ein nydeleg soldag her :) vi skal snart på fotballkamp og forhåpentlegvis sjå min kjære sitt lag vinne. lykke til elsklingen min <3

håpe alle har ein strålande dag :)

søndag 31. mai 2009

Sommar, det er det jeg vil ha, sommar, det gjør meg glad!

vi har nokre deilege sommardagar her no. utekos dagen lang.
litt bilder frå uteplassen.... .....med ynskje om ei flott pinsehelg (som snart er over) og ei fin ny veke :o)

lørdag 30. mai 2009

Give away

i går fekk eg pakke i posten, 2 stk faktisk..men viser berre den eine i dette innlegget. denne pakken fekk eg frå nanni, fordi eg var med i henna gi det videre lek. reglane her er som følger: dei tre første som skriv på dette innlegget får, dersom dei vil vere med, ein pakke frå meg innan 365 dagar. dei som mottar pakke frå meg skal sjølv gi vidare til 3 stk innan 365 dagar . morsomt eller?? :o) syns ikkje DU det er kjekt med pakkar?? :o)

tusen takk for den kjempefine pakken Nanni!!! :o) supersnill er du det :o)

PS: husk konkurransen min....trekning 31 mai! :o)

torsdag 28. mai 2009

Tapet hjelp!

i nye leilegheita skal eg ha ein endevegg med tapet i stova. men det er jo eit hav av tapetar å velge mellom!
stova skal vere kvit, har brune møblar..men kjem nok kanskje til å male ein del av dei kvite etterkvart.

likar denne tapeten her veldig godt!! denne har mammas hus i sitt hus og den er kjempefin. denne her er brun med sølv i blomstene. kjennest litt lær aktig ut. denne er svart og rosa. lurer litt på om denne kanskje tar seg betre ut på ein endevegg på soverommet??? denne er kvit med mønster i svart og sølv. denne er svart med kvitt mønster. og når ein tar på den er den glatt enkelte plassar og meir ru andre plassar. denne har supersnille Cathrine sendt meg i posten, ho har denne i huset sitt. egentleg er denne ein klar favoritt.... ...men tar i mot hjelp og råd med STOR takk!!

har litt lyst på ein kontrast vegg....trur eg....blir sprø av all att og fram tenkinga :o/ og sidan det vert mykje kvitt ellers syns eg den siste er fin.....trur eg....

eg ber på mine knær om litt hjelp!!!!!

onsdag 27. mai 2009

KID og bruktbutikken

korg settet til Kid er ikkje lett gå forbi, dette kurvfatet vart med heim her om dagen. likeeins med desse sitteputene. skal ha dei på cafe settet mitt...når det bere sluttar å pøse ned med regn! foreløbig ligg dei til pynt under dette bordet i gangen. (vart visst litt uklåre bilder i dette innlegget). jammen ser det ikkje ut som eg har kjøpt meg ei blomsterpotte i korgserien til Kid og.. :)
pidestallen til venstre har sambuaren til søstra mi laga. ein tryllekunstnar med tre :)
syns desse ver kjempesøte og romantiske...har jo og kjøpt både teppet og væska i samme serien :) bruktbutikken er blitt ein av mine favoritt butikkar.

kjøpte med denne søte hjerte forma ein dag. det var i denne sjokolade kaka til min kjæres bursdag vart laga i. eg elskar jo hjerteformer so kunne ikkje la denne ligge igjen :) dette søte lille settet fann og veien ned i korga mi :) fort gjordt :) idag har eg rydda på hylla UNDER bordet. der har mange blad hopa seg opp. eg er nett ferdig med å klippe ut interiørbilder frå blada og limt dei inn i den nye interiørboka mi :)
her er det øs pøs regnvær idag. stod tidleg opp, kosa litt med prinsessa mi før eg køyrde ho i barnehagen. sjelden eg klarer å stå tidle opp på fridagane mine, men jammen er det litt deileg og :) føler eg har fått gjordt mykje, og dagen er nett begynt :)
Håpe alle har ein fin dag :)
HUSK KONKURRANSEN MIN :o)

tirsdag 26. mai 2009

Happy birthday mon cherie

min elskede kjæreste har bursdag idag <3 sjokoladekake med masse hjerter må til når den finaste eg veit har bursdag.

En fødselsdag er ikke en feiring av året som er gått, men av året som er i ferd med å begynne


GRATULERER MED DAGEN SJÆRSTEN MIN!!!! du er den beste og eg elskar deg høgt!!! <3>

minner om konkurransen min her


mandag 25. mai 2009

Før og etter

kjøpte meg denne hylla på brukten for 40 kr. entrehylle til nye leilegheita, tenkte eg då eg såg denne. på lørdag sprang eg i skytteltrafikk mellom bruning av kjøttdeig og maling av hylla. kvit, sjølsagt :)
fann og krokar på bruktbutikken som eg likte.
skrudde desse på istad, og vart superfornøgd!! litt forskjelling dill på krokane.
egentleg so var eg tenkt vente til vi flytta med å henge denne opp, men klarte ikkje å vente :o/ vart veldig fornøgd med resultatet :o) og måtte pynte den med ein gang :) måtte og byte ut korgene som har hengt på veggen før med nokre som passa betre til hylla. desse vert nok snart spraye kvite.
dilla på spray??? eg???? hmmm....trukje det.... :o/ :) denne lille blå hylla kjøpte eg for 5 kr.
den er og mala kvit og midlertidig hengt opp på ein ledig spikar på veggen. også denne har fått litt pynt på seg, og tok seg godt ut ved sia av den nye hjortehovudet mitt. lurer på om eg skal ha blondebånd rundt kanten???!!!! eg er ganske fornøgd med meg sjølv og dette prosjektet mitt :o) :o)
no er det kveldsmat for Anine prinsessa som kom igjen til meg idag :o)
Håpe alle har ein fin kveld :o)

lørdag 23. mai 2009

Kongekrone og pakke i posten

denne kongekrona kjøpte eg i går i ein butikk her som hadde opphøyrssalg. syns desse kronene er so fine. og idag kom pakken eg vann i huset mitt i byn i posten...JIPPI :o)
vann eit sølvfat som bere er heilt nydeleg!!! tusen takk :O)

er so fint patinert utsjånad på det. passa perfekt med nye kongekrona og nokre sandformer med te lys i. tusen takk igjen :o)
i kveld er det lasagne, chips, dip, brus, snop, dvd og armkrok som står på programmet, gledar meg ;o)
håpe alle har ei fin helg :o)

onsdag 20. mai 2009

Vinnarlykke :)

....nei det var nok ikkje meg som var ein av dei 3 heldige som vann nesten 32 mill kvar på vikinglotto ikveld :(
men eg har vunne to konkurransar hos kjempefine bloggar denne mnd :o) :o)

desse hjarta vann eg i bloggen elses bod. passa jo perfekt for meg som elskar hjerter :) dette kjempesøte sølvfatet vann eg hos huset mitt i byn :o) kjempeglad!!! gledar meg til det dukkar opp i posten :)

so føler eg har hatt bra med vinnarlykke i det siste :) 4 konkurransen eg vinn sia eg begynte blogge :o) hmm...kanskje eg skulle ha tippa på vikinglotto likevel....jaja..for seint no! :o)
minner om konkurransen eg har gåande her :o)
KLEM :O)

Stove og kjøkken

leilegheita vart vaska og rydda so flott til visning på mandag. og dermed vart det og bloggifiserbart :o)
...håpar i det lengste at vi klare holde det ryddigt framover...må sjå på desse bilda kvar gang vi begynner å skli ut med rotet :)

so her kjem eit bilderas frå stove og kjøkken, som er i eitt i denne leilegheita.
dette skapet lurer eg på å male kvitt.... gledar meg sånn til å få kvite veggar og lister!!
skapet til høgre her har eg og lyst å male kvitt, samme med sofabordet. og seier ikkje nei til ein kvit ektorp sofa heller :)

tv kroken er ganske trang, men det fungera fint det :)
skjenken og speilet her hadde jo og vore veldig fint i kvitt, men trur ikkje eg tørr male so dyre møblar...
min kjære meinar her er altfor fullt med ting som eg kjøper og kjøper...er vel egentleg eineg med han...får større plass i nye leilegheita...men klarer eg la vere kjøpe meir??? hmmm... :)

vi har vertfall trivst veldig godt i denne leilegheita, vert rart å flytte herifrå. men deileg å få sitt eige der ein kan styre på med fargar og bestemme alt sjølv :o) gleda oss til det!!!

minner om konkurransen min i innlegget under :) kjempekjekt om du vil delta :)

kl 14 idag begynnner eg arbeidshelga mi, skal jobbe kvar dag fram til mandag. litt kjedlig sidan min kjære har langfri, men sånn er det i dette yrket.
til alle som har langhelg: kos dåke masse!!!!
og til alle som skal jobbe i helga: du er ikkje åleine :o)

Klem :O)

tirsdag 19. mai 2009

Konkurranse!!

eg har omsider passert 5000 besøkande :) og det feirar eg med ein liten konkurranse :)
dette kan du vinne:

her er ei blanding av nye ting, og ting kjøpt på bruktbutikken. håper det fell i smak :)

gjer følgande for å bli med:
skriv ein kommentar til dette innlegget, dersom du linkar innlegget med bilde i bloggen din og vert følgar får du to ekstra lodd. fint om du skriv ka av desse tinga du gjer slik at det vert lettare for meg å summere opp til slutt :) treng ikkje ha blogg for å delta, men fint om du då skriv ei mail adresse slik at eg finn deg att :)
trekning vert 31 mai :)
håper DU vil delta :)


mandag 18. mai 2009

Før og etter

make over av mine første bruktbutikk kjøp :)
denne raude krakken har eg mala kvit. vart veldig fornøgd med resulatet. når vi flyttar skal denne stå på Anine sitt rom. kanskje med ei dukke på :)
gullskåla på dette bildet har eg spraya med sølv spray.
meir min stil med ein gang :)
og denne gamle steikepanna(?) har eg og spraya med sølvspray. spraya ikkje handtaket då eg syns det passa at det var litt slitt gammal stil. kjempefornøgd! knytte på ei blondesnor og hengte den på kjøkkenet. vert nok ikkje lenge før eg tek turen tilbake til bruktbutikken :)

har alle det bra dagen derpå 17 mai eller? :o)
litt gråare vær idag, men litt deileg og. i går var supervarmt! men ein herleg dag!! :)

har vaska og rydda heile leilegheita idag. vore visning her. trur ikkje det vert vanskeleg leige ut denne leilegheita etter at vi flyttar, ei superkoseleg leilegheit er det!!
tenk om vi klare holde det so ryddigt som det er no??? då blir eg i superhumør :) å ha det ryddigt og reint rundt meg gjer noko med humøret. eg er vel ikkje åleine om det vel??

so no er det avslapping og sofasliting :) og FRI i to dagar :) men so er det jobbing heile helga...

KLEM :O)

søndag 17. mai 2009

Gratulere med dagen Norge

17 mai 2009 er over. og for ein dag. sol frå skyfri himmel og so varmt at det var deileg komme ut av bunaden på ettermiddagen.
har storkosa oss, store og små. etter eit laaaaangt tog gjekk vi og åt middag. tradisjonen tru: rømmegraut!
prinsessa mi er bere so søt i sunnfjordbunaden sin :) :) og ho elska å ha den på seg!meg og Anine. sjølv om ho har raudt og eg har grønt liv har vi sunnfjordbunad begge to. meg og min kjære <3 Anine var med på fleire leikar og fekk premie kvar gang :) stas og vere unge kan vete!! :) og endeleg....den etterlengta isen :)
avsluttar i god gammal skule stil form: vi var alle einege om at det hadde vore ein fin dag :)
og at Alexander Rybakk vann MGP var toppen av kransekaka...way to go Alexander!!! :o)

håpe din 17 mai har vore like strålande som min :o)
og håpe alle får ei fin ny veke :)